Sunday Morning er ei gruppe som kjem frå Askvoll. Vi har medlemmar frå store deler av kommunen. Vi øver som oftast søndag morgon (difor namnet) i Vårdal grendahus. Bandet har helde på i tre år, men medlemmane har årelang erfaring som musikarar i ei rekkje band.


______________________________________________________________________________

Nye bilder

Sunday Morning sin Høstfest!

Vi gjentek suksessen frå i fjor med Høstfest der Sunday Morning spelar med gjesteartistar.

Vi treng innspel frå gjester/publikum om val av tema og dato for festen.

Bilete frå julejammen 2011

Sunday Morning spelte på julejammen 2011. Bilete frå denne kvelden finn du HER.

Vi fekk også spele med ein kjendis..

Julejammen 2011

Sunday Morning spelar på julejammen i Holmedal 28.desember. Det blir 70- talspreg på det vi leverar denne kvelden! Gjesteartistar dukkar også opp! Meir informasjon finn du HER:

Vilt og gale- helg i Førde

Sunday Morning gjentek suksessen frå i fjor, og spelar på Førde hotell den 24. september på “Vilt og gale- helgen”

Vårdalsneset 20.august

Sunday Morning varmar opp for Cortina på den store utekonserten på Verket pub i Askvoll, laurdag 20. august! Møt opp! Det blir garantert mykje god musikk og fin stemning!

Billettar finn du HER.

Speling i Stongfjorden

Vi spelar i Stongfjorden samfunnshus 28. mai!

Meir info finn du HER!

Krabbefestivalen på Atløy

Sunday Morning spelar på Krabbefestivalen den 29. juli 2011 på Herland. Gjer deg klar for ein fest med mykje god og dansbar musikk! ;-)

Nordsjøporthelga 2011

Sunday Morning spelar på Nordsjøporthelga både fredag 1. og laurdag 2. juli. Vi sørgjer for stemning og god dansemusikk!

Facebook

Mykje av informasjonen om spelingar og aktivitetar til Sunday Morning finn du også på facebook:

Klikk her for å besøke oss på facebook!

Speling på Førde Hotell 23. oktober

Sunday Morning spelar opp til dans på Førde Hotell 23. oktober, etter at Vrakklinkers har hatt den fantastiske revyen sin på same stad! Kom å bli med på “Vilt og gale- helg” i Førde.

Askvoll Samfunnshus 16. Okt.

Vi lader opp mot stor-fest i Askvoll samfunnshus lørdag 16.Oktober.

Meir info finn du her

Speling i Bulandet lør 19/6

Vi er klare til å entre sena i Bulandet denne lørdags kvelden. Håpar at mange finn vegen dit. Vi lovar å gjere alt for at stemninga skal “stå i taket” !!!

Julejammen 2009

Sunday Morning spelar på Julejammen i Holmedal Bygdehus. Dato vert 27. desember. Det vert mykje musikk frå fleire band denne kvelden.

Spel på Temposeminaret

Håpar “Sunday Morning” tek initiativ til å få spele på neste års Tempo-fest (kveldsdansen på Samfunnshuset etter Tempo-seminaret i Florø). Årets band “Gilbyes” trur eg det heitte, spelte berre svensktoppar, og heldt på å kjede skikkeleg folk forderva. Nei, då er det nok annleis med de karane.

Ta gjerne ein prat med Tempogeneral Per Øyvind Helle (“Posen”), og få til ei speling. Han er dessutan general også for FotballFlora og neste årst stormesse i Storhallen (skal bli fylkest største næringslivsmesse inkl. fest og løye sikkert over fleire dagar).

60-tals bryllaupsfest i Stongfjorden

Den 19. september spelte vi på fest i Stongfjorden. Temaet for kvelden var 60- talet. Mange artige kostymar å sjå. Bilete frå festen finn du her

Påskejammen 2009

Onsdag 8.april var det påskejam på Askvoll Fjordhotell. Det var fullt hus og stormande jubel.. Sunday Morning spelte i ca 1,5 time og gjorde ein god figur! Her er nokre bilete frå jammen:

PÅSKEJAMMEN 2009

påskejammen 2009

Sunday Morning spelar i storsalen frå ca kl 22.30. Vi har nokre nye songar med oss. Dette blir bra!

Bandnamn

Sunday morning, som Velvet Underground sin Sunday Morning? Er det tekslinja “Early dawning, sunday morning. It’s just the wasted years so close behind” som har inspirert?

Vekedagar gjev oss så mangt, til og med bandnamn. Som Whigfield så fint sa det på slutten av 90 talet, i låta Saturday night “Saturday night, dance, I like the way you move. Pretty baby. It’s party time and not one minute we can lose. Be my baby” Det har kanskje ikkje vore skrive vakrare ord om kjærleik sidan Dylan framleis leverte varene midt på 70 talet.

Sunday Morning

Følges av 7 medlemmer.

Treng du god musikk, er det berre å ta kontakt. Vi spelar variert dansemusikk i fleire sjangrar. Vi lagar også eige låtar. Elles spelar vi musikk av til dømes: Hellbillies, Waterboys, Bo Kaspers orkester, ZZ top, Eric Clapton, Eagles, Rolling Stones, David Bowie med fleire..
___________________________________

Sunday Morning er:

Einar Alsaker: gitar og song
Erling Paul Eikemo: gitar
Øyvind Selvik: gitar
Oddvar Espedal: bass
Odin Hestholm: trommer
Richard Herland: Lyd
___________________________________

Booking:

Erling Paul Eikemo: e-post
Mob: 90 88 39 55
Odin Hestholm: epost
Mob: 95 87 39 15

Plakat til arrangement finn du: her

Ein fullstendig CV til bandet finn du: her Mer om sonen

Origo Sunday Morning er en sone på Origo. Les mer

Lenkjer:

Intersalg

Annonse