Sunday Morning har base i Askvoll. Karane i Sunday Morning har spelt saman sidan 2007. Alle medlemmane har lang erfaring frå andre band før Sunday Morning. Vi kan nemne bakgrunn frå rockeband, jazz, country, danseband, trubadur, reklamefilm, revy og teater. Karane møtast kvar søndags morgon for øving, og med ein slik bakgrunn tømt opp i smeltedigelen, har Sunday Morning utvikla seg til å bli eit allsidig og friskt band som fengar alle med interesse for god musikk, dans og moro.Sunday Morning dreg gjerne på seg cowboyhattar og tek deg med på festival, flørtar til rockefoten din med rå Stones låtar. Lokkar deg ut ein svingande dans til Evert Taube, før dei dreg den inn på ei sveitt Blues bule for å ende opp på ein road-tripp med Eagles og Hellbillies.Sunday Morning varierar sitt lydbilde med mange ulike strenginstrumenter, og har etter kvart og ein del sjølvlaga melodiar og tekstar.
Sunday Morning er kjend for å kommunisere godt med publikum og vokalisten med sitt gode humør sørgjer for at kvar ei speling blir ein lystig fest. Sunday Morning set lydkvalitet i høgsetet og har eit sjette fullverdig medlem, som sørgjer for att lyd og lys er av beste kvalitet. I Sunday Morning finn vi: Einar Alsaker Vokal/gitar, Oddvar Espedal Bass, Richard Herland Lyd, Gunnar Bortheim Gitar/vokal, Erling-Paul Eikemo Gitarar/vokal, Odin Hestholm Trommer/vokal.


______________________________________________________________________________

Nye bilder

Stenging av Origo!

Origo blir stengd frå 31. oktober. All aktivitet til Sunday Morning no framover, vil vere på facebook.

Siste spelejobb med Øyvind

Sunday Morning takkar Øyvind Selvik for 9 supre speleår, og ynskjer lukke til på den vidare musikalske vegen! Vi kjem tilbake med ny gitarist i løpet av hausten. Bilete er frå spelinga i går, låvedans i Flokeneset. Ei veldig kjekk, men vemodig avslutning med Øyvind..

Klare for nye oppdrag i 2016!

Sunday Morning er klare for nye oppdrag i 2016. Ta kontakt med Torbjørn Gran, e-post: post@tgevent.no, eller tllf 40 46 61 51.

Julbord på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Sunday Morning spelar på julebord på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa fredag 11. og laurdag 12. desember.

Dansegalla 5. september!

Dalsfjordveka 2015

Sunday Morning spelar under Dalsfjordveka 2015, på Gatefesten 15. august. Vi kan garantere god og variert dansemusikk! Meir info om Dalsfordveka finn du HER

Video frå lydprøven i Bulandet:

Nordsjøporten 2015

Sunday Morning spelar på årets Nordsjøporthelg. Vi kan love god stemning og flott dansemusikk!

Påskeafta i Bremanger!

Sunday Morning hadde ein fin spelejobb på Havly i Bremanger påskeafta. Takk til dei som kom og hadde det moro med oss denne kvelden.

Christmas Extravaganza

Det vart ein svært vellukka fest i Askvoll samfunnshus 3. juledag med gjesteartistar og mykje liv og røre!

Christmas Extravaganza

Sunday Morning er husbandet på den STORE julefesten 27. desember i Askvoll samfunnshus!

Meir info på DENNE facebooksida

Julebord på Sunnfjord hotel

Sunday Morning spelar på Sunnfjord hotel to helgar før jul. Fredag 5.12 og Laurdag 6.12 i tillegg til fredag 12.12 og laurdag 13.12. For bestilling av hotellpakke, sjå denne lenka.

Verket Pub

Sunday Morning spelar på Verket Pub laurdag 7. juni (Pinseafta)

Meir info HER

Siste påskejam med Askesus

Det var litt vemodig, men veldig kjekt å få spele på den siste jammen som vert arrangert her i Askvoll. Sunday Morning takkar eldsjelane i Askesus, som har gjort eit fantastisk arbeid opp i gjennom tidene!

NRK laga også ein reportasje om dette arrangementet med ein videofilm, som du kan sjå HER!

Speling på Rica Sunnfjord hotel og SPA

Sunday Morning skal spele laurdag 15. februar på Sunnfjord hotel i lag med Plumbo og ViMenn.

Brufest 14 desember!

Askvoll og Fjaler feirar den store opningsdagen med *Brufest *på Klausen mekaniske, og Sunday Morning avsluttar kvelden med forrykande dansemusikk!

Billettar på Dale Bok og Leikar, Automarin i Askvoll (Esso), Erling Paul Eikemo på Hellestrand og på nett: Musikkeksperten

Julebord i Værlandet

Sunday Morning spelar på julebordet i Værlandet ungdomshus den 7. desember. Ta på deg reinsdyrshorna og kom! Vi kan love glitter og stas! :-)

På spelejobb i Breim 14. september:

Landbruksdagar 2013 på Breim

Vi skal levere god dansemusikk i Breimshallen lardag 14. september under “Landbruksdagar 2013”

Sunnfjord Hotell

Sunday Morning er husband på Sunnfjord Hotell, fredag 6. og laurdag 7. september. Vi skal levere god dansemusikk begge kveldene :-)

Nordsjøporthelga 2013

Sunday Morning spelar opp til dans på Nordsjøporthelga 6. juli 2013. Variert og god dansemusikk for ein kvar smak!

Påskejammen i Dale

Sunday Morning spelar opp til dans i Dale palmelaurdag 23. mars!

Julejammen 2012

Sunday Morning

Følges av 7 medlemmer.

Treng du god musikk, er det berre å ta kontakt. Vi spelar variert dansemusikk i fleire sjangrar. Vi lagar også eige låtar. Elles spelar vi musikk av til dømes: Hellbillies, Waterboys, Bo Kaspers orkester, ZZ top, Eric Clapton, Eagles, Rolling Stones, David Bowie med fleire..
___________________________________

Sunday Morning er:

Einar Alsaker: gitar og song
Erling Paul Eikemo: gitar
Gunnar Bortheim: gitar
Oddvar Espedal: bass
Odin Hestholm: trommer
Richard Herland: Lyd
___________________________________

Booking:

Torbjørn Gran E-post: post@tgevent.no Tlf 40 46 61 51
Erling Paul Eikemo: e-post
Mob: 90 88 39 55

Plakat til arrangement finn du: her

Ein fullstendig CV til bandet finn du: her Mer om sonen

Origo Sunday Morning er en sone på Origo. Les mer

Lenkjer:

Intersalg

Annonse